Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Akutt behov for tannlege?

Om du har akutte tannsmerter, skadet en tann, eller annet behov for akutt tannhelsehjelp kan du få time hos oss på dagen!

Om klinikken

Vårt hovudmål er at du skal kjenne deg trygg i tannlegestolen og at konsultasjonen skal vere ei positiv oppleving. Me er spesielt opptekne av alle som kvir seg for å gå til tannlegen og legg vekt på å møte deg på best mogleg måte.

Me tilbyr allmennpraksis og tannregulering for barn og vaksne, og har spesialutdanning i faget.

Hvor finner du oss?

Du finner oss i gangavstand fra Vidsteenparken, kun 150 meter fra busstopp «Leirvik turnhall».

Ta tannkontroll hos oss

Me anbefaler at du går jamnleg til kontroll for å sjekke tenner og tannkjøtt. Ved ein slik undersøking tar me røntgenbilder av tennene dine ,går over dei og munnhola med syn og sonde.

Ved å gå til kontroll jamleg, kan ein oppdage potensiell sjukdom på eit tidlegare stadium enn om ein oppsøker tannlege bare når ein har vondt.

Akutt tannlege på Leirvik

Me hjelper deg gjerne om du har akutte tannproblem, og tilstreber at du skal få time på dagen, seinast dagen etter. Ringer du, får du tak i oss med det same!

Vi anbefaler å lese artikkelen vår, Akutt behov for tannlege, for nyttige tips og informasjon ved akutte tannproblemer.

Tannlege Øen er nå del av Oris Dental

Tannlege Øen vart etablert i 1980, og i mars 2022 ble vi del av Oris Dental. Nå som del av et av Norges største fagmiljø innen tannhelse, er det enklere for oss å styrke vårt tilbud til deg som pasient.

Du møter fortsatt de samme fine menneskene ved klinikken.

Våre tenester i Leirvik på Stord

Me er spesielt opptekne av alle som kvir seg for å gå til tannlegen. Eit hovudmål er at pasientane skal kjenna seg trygge i tannlegestolen og at konsultasjonen skal vere ei positiv oppleving.

Hos oss får du allmenn tannbehandling, kosmetisk og estetisk behandling, tannregulering og korrigering av enkle tannstillingsfeil, samt tannimplantat for å erstatte tapte tenner.

Se mer om våre behandlinger her:

Tannlegeskrekk

Sveitter du i hendene, får hjartebank, urolig mage eller mister nattesøvnen av tanken på å gå til tannlegen? Du er ikkje åleine.

Odontofobi er ein fobi som omhandlar irrasjonell og overdriven frykt for tannlegar. Enkelte er redd spesielle delar av tannlegebesøket, som tildømes boring, brekningar, bedøvelse. Felles er ofte ein redsle for å bli utsett for smertefulle opplevingar ein ikkje har kontroll over. Me er alle ulike, og det er difor viktig at du fortel oss kva det er du gruar deg til.

Hjå oss har me spesialkompetanse og god erfaring med behanding av pasientar som er redde for å gå til tannlegen. Me brukar kognitiv terapi for å hjelpe pasientar som er svært redde for tannlegebesøket. Me har ein genuin interesse og glede av å hjelpe pasientar med tannlegeskrekk.

Når me er så heldige at me får lov til å vere ein del av kuren mot tannlegeskrekk, har me ein skikkelig god dag på jobben. Me er ikkje robotar, men vanlege ufarlege menneske.

Tannlegeskrekk kan behandles. Hjå oss er det tannlegen og du som pasient som lagar ein plan og vurderer korleis dette skal føregå. Me kartlegg kva som startar redselsreaksjonane og øver på å takle dette. Og det er svært viktig at du er innstilt på å snu den vonde sirkelen. Du må vere forberedt på utfordringar, for det er diverre slik at for å mestre angsten må ein først bli venn med den. Ein må kjenne på den, og oppleve at den ikkje er farleg berre ubehageleg.

Me deler tannbehandlinga opp i etappar som passar deg. Kansje finn me ut at første time bare skal brukast til å skape ein trygg relasjon oss imellom.

«God behandling vektlegger at pasienten skal få oppleve kontroll og mestring. Ofte vil dette målet kunne nås etter 5–7 behandlingstimer.»

Kosmetisk tannbehandling

Misfargingar, gule tenner, skjemmande fyllingar, enkle tannstillingsfeil, slitte tenner eller liknande.

Me planlegg i lag slik at me kjem fram til ei løysing som passar dine behov og din økonomi. Vårt mål er å gjere deg fornøgd, samtidig som me gjer minst mogeleg inngrep på tennene dine.

Tannbleiking

Å bleike tennene under oppsyn frå tannlege har gjennom årelange studier vist seg å vere ufarleg. Før ein bleiker tennene er det viktig at me går over dei for å sjå at du ikkje har hol eller andre skader på tennene. Me anbefaler heimebleiking med 10 % karbamidperoksid, då dette er mest skånsamt for tennene dine.

Det første me gjer et å ta avtrykk til individuelt tilpassa bleikeskinner. Desse brukar du om natta saman med ein bleikegele i 1–2 veker, avhengig av kor lyse tenner du vil ha. Me brukar Opalescence bleikemiddel. Dette er eit velprøvd bleikemiddel som har vert på marknaden i over 17 år.

Implantat behandling

Me tilbyr spesialistkompetanse på implantatinnsetting som erstatning av tapte tenner. Me har fokus på ei heilheitleg behandling. Du får ein grundig forbehandling og tett oppfølging i ettertid. Med denne behandlingsfilosofien er du sikra optimale forhold for at implantatet skal vare livet ut.

Ordinær tannregulering

Prosedyre tannregulering

Ved første besøk for tannregulering blir vi kjent med pasienten.

– Det blir registrert bittforhold ved ein inspeksjon av tennene og sambitt.

– Ein tek som oftast eit stort røntgenbilde av begge kjevane, eit OPG-røntgen.

Etter dette blir det vurdert om pasienten er klar for eventuell behandling. Dersom det er tilfelle startar  ein innhenting av fleire data.

– Foto av kjevane og ansikt

– Modellar av kjevane

– Fleire røntgenbilder

Vi nytter digitale røntgenapparat, og strålemengda er redusert til det minimale.

Dei innhenta data blir gjennomgått av reguleringstannlegen, og ein behandlingsplan blir laga.

Deretter sender vi tilbakemelding til henvisande tannlege og føresette.

Vidare behandling

Ved andre besøk informerer vi om behandlinga det er lagt opp til, og svarar på eventuelle spørsmål.

Det er to hovedtypar av behandling.

Platebehandling og behandling med fast apparatur. Nokre treng ein av typane, andre treng båe to.

Platebehandling

Ein brukar avtrykket som blei tatt ved føste besøk til å lage ei plate. Plata blir tilpassa, og pasienten lærer seg å ta av og på plata.

Ein går så til kontroll med jamne mellomrom for å sjå på framgangen.

Behandling med fast apparatur

Før ein kan lime klossane på vert tenner pussa med polerpasta og gummikopp for å få vekk belegg på tennene.

Klossane vert så limt på  i ein eller begge kjevar. Ved hjelp av klossane vert det festa ein tynn streng, denne vil byrja å føre tennene der ein ynskjer å ha dei.

Ein går til kontroll «straming» kvar 4-6 veke. Ved desse kontrollane ser tannlegen på korleis framgangen er. Nokre gongar skiftar ein strengen/bogen mellom klossane, andre gongar får ein på strikkar eller det blir gjort andre justeringar for å halde fram føringa av tennene til ynskja posisjon.

Når ein har oppnådd det resultatet ein vil ha, blir det aktuelt å ta strengen og klossane av tennene. Me tar avtrykk til framstilling av retensjonsplate/skinne i overkjeven og set ein tynn streng  på innsida av tennene i underkjeven. Nokre gongar er det òg nødvendig med ein tynn streng i overkjeven.

Første månaden skal plata/skinna nyttast heile tida. Ein tar den ut når ein et. Deretter bruker ein plata om natta. Plata skal brukast eit år, så kan ein gradvis trappe ned bruken.

Strengen på baksida av tennene bør stå på til visdomstennene er brote fram. Nokre velger å ha denne på lenger om den ikkje plagar dei.

Invisalign

Me tilbyr eit alternativ til vanleg streng på tennene. Behandling med blanke plastskinner, kalla Invisalign.

Reguleringskinnene er nesten usynlege – dei fleste vil ikkje oppdage at du er under behandling.

Med hjelp av eit varierande antal skinner kan me rette opp dei fleste tannstillingsfeil. Behandlinga kan ta frå to månadar til eitt år avhengig av kva du ønsker å justere på.

Først gjer me ein forundersøkelse. Her legg me ein plan saman. Ønsker du behandling set me opp ein time til ein grundig undersøkelse der me tar bilder, røntgen og skannar tennene dine digitalt. Dette er behandling som er utan ubehag og smerter.

Totalt antal skinner varierer etter kor kompleks tannstillingsfeilen din er. Skinnene skal brukast 20–22 timar i døgnet og skiftast kvar 10. dag. Ein må besøke tannlegen kvar 6–8 veke. Under/etter behandlingsforløpet kan det vera nødvendig med ny skanning for å få skinner som kan finjustere det ferdige resultatet.

Hjå oss er det tannlege Malene Øen som er godkjend Invisalign-behandlar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

Vis mer Vis mindre

Betalingsstøtte

HELFO

I Norge dekker Den offentlige Tannhelsetjenesten tannbehandling frem til året man fyller 18 år. Mellom 18-26 år dekker det offentlige deler av behandlingen. Etter dette må man betale tannbehandling selv. Men en del skader/sykdommer/tilstander kvalifiserer til økonomisk støtte fra Helfo. Dekningsgrad avgjøres av tilstand og alvorlighetsgrad. Differanse mellom behandlingskostnad og Helfo-dekning betales av pasient.
Snakk med din behandler om du ønsker å vite mer, eller les mer her.

Frikort

Frikort gir deg fritak for egenandel på offentlige takster. Dette er et gode for pasienter med store helseutgifter, utstedt av Helfo. Behandling som overgår egenandelen må betales av pasient.
Ønsker du mer informasjon om frikort og tannbehandling? Se mer på helsenorge.no eller ring HELFO på 23 32 70 00.

Delbetaling

Vi tilbyr betalingsløsninger ved flere av våre klinikker. Hør med din klinikk hvilke løsninger du kan velge mellom.

Studentrabatt

Smil som varer

For å sikre god munn- og tannhelse fra A til Å er den årlige tannsjekken gjennom alle stadiene av livet like viktig. Som student vet vi for øvrig at å besøke tannlegen kanskje ikke er det første man har lyst til å bruke penger på, derfor gir vi deg 10% studentrabatt på sjekk og behandling hos oss.

God helse starter med munnen

Visste du at det ikke bare er Karius og Baktus tannlegen passer på? Ved å kikke i munnhulen din kan tannlegen også oppdage sykdom andre steder i kroppen. Å ta turen innom tannlegen en gang i året er en investering i den totale helsen. Som student får du første tannsjekk med røntgen og rens til 990,-.

Sjekk status på visdomstennene

Ikke alle, men mange har dessverre visdomstenner som begynner å skape trøbbel i 20-årene. Er man en av dem som opplever at visdomstennene skaper problemer er det anbefalt å få disse fjernet før fylte tretti. Aleksander Rebaudo (29) har hatt lite smerter og problematikk med egne visdomstenner, men har hørt at det lønner seg å fjerne en plagsom visdomstann før han blir 30 år, klikk her for å lese mer.

Book time nå og få 10% rabatt med gyldig studentbevis.

Behandlere

Avdelingsleder Stine Kjellsen ved Oris Dental Stord.

Stine Kjellsen

Avdelingsleder

Jan Ove Øen

Spesialist i kjeveortopedi
Tannlege Ingvild Sundby ved Oris Dental Stord

Malene Øen

Spesialist i periodonti
Periodontist Malene Øen ved Oris Dental Stord

Ingvild E. Sundby

Tannlege
Tannpleier Inger Steinsbø-Hope ved Oris Dental Stord Leirvik

 Inger Steinsbø-Hope

Tannpleier
Tannpleier Aurora Lyngvær ved Oris Dental Stord

Aurora Lyngvær

Tannpleier