Ledig stilling

Tannlege og tannpleier

Tannpleier

Oris Dental Stord, Leirvik søkjer ein positiv og fagleg engasjert tannpleiar i 60–100 % stilling. Hos oss vil du jobbe tett saman med periodontist og hennar team. Men også med vår allmenntannlegar. Du får gode moglegheiter for fagleg utvikling innan periodontal behandling og førebygging.

Tannlege

Me søkjer tannlege i 20–60 % stilling. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling, med støtte frå erfarne tannlegar og spesialistar. Du vil arbeide i team saman med effektive og omsorgsfulle klinikkassistentar.

Om arbeidsplassen

I Oris Dental blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fleire spesialistar, tannlegar og tannpleiarar. Me jobbar tett saman for å gi pasientane best mogleg behandling og ei positiv oppleving.

Me ser etter deg som er ein lagspelar og som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Samtidig må du kunne arbeide sjølvstendig og trivast med høgt tempo.

Vi tilbyr:

  • Velutstyrt og moderne klinikk

  • Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver, alltid med støtte frå resten av laget

  • Moglegheit for kurs og fagleg oppdatering gjennom Oris Academy

  • Sterkt fagleg miljø

  • Tett samarbeid med tannlegar og spesialistar

Arbeidsoppgåver:

  • Pasientbehandling

  • Undersøkingar og førebyggjande behandling

  • Arbeide effektivt som ein del av klinikkens behandlingsteam

  • Kontroll med eigen timebok og administrative oppgåver rundt eigne pasientar

Vi ønskjer at du:

  • Har autorisasjon som tannpleiar/tannlege

  • Har gode datakunnskapar og interesse for å lære om digitale verktøy som gjer kvardagen enklare

  • Har pasientane i fokus, og trivst med høgt tempo

  • Har erfaring med journalføring i OPUS Dental

  • Er lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet

  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig

  • Har gode norskkunnskapar (både munnleg og skriftleg) og engelskkunnskapar

Høyres dette spennande ut? Då vil me gjerne høyre frå deg! Send oss din søknad og CV i dag, eller ta kontakt for ein uforpliktende prat.